Institusjonskokk

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Masfjorden sjukeheim har ledig stilling som institusjonskokk i 80% stilling for fast tilsetjing. Kjøkkenet har 4 tilsette, og produserer middag til 32 bebuarar på sjukeheimen og til heimebuande som får maten tilkjørt. Det kan bli moglegheit for helgevakter.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging av meny
  • Produksjon av mat
  • Tilpassa kost til ulike diettar
  • Internkontroll og næringsmiddelhygiene
  • Reinhald av utstyr og lokale

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev som institusjonskokk eller kokk
  • Søkjarar utan fagbrev kan også verte vurderte
  • Søkjar som ikkje har norsk morsmål må ha bestått norskopplæring på minimum nivå B2
  • Vere arbeidsam og fleksibel
  • Vere samarbeidsvillig og finn gode løysingar

Me kan tilby

  • Eit kjøkken med varierte oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og kjekke kollegaer
  • Faglege utfordringar og rom for kreativitet i jobben
  • Løn i samsvar med avtaleverket
  • Frå 2026 vil du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i Masfjorden kommune. 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her
Video: https://youtu.be/_nnKbz57cgo?si=4f61y1db2mdKdopD