Overlege gastrokirurgi/generell kirurgi

Arbetsbeskrivning

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal – Hjelset. Vil du vere med å forme framtidas kirurgi i eit nytt og moderne sjukehus?

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk gastro-/generell kirurg som ønskjer å bidra aktivt i utviklinga av kirurgisk aktivitet ved SNR Hjelset. Hos oss får du ei unik moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med fagutvikling i eit miljø som er i sterk utvikling.

Eit fagmiljø med utviklingsmoglegheiter!

Sjukehuset vårt er eit godt differensiert lokalsjukehus. Kirurgiske legar SNR er ei felles kirurgisk seksjon med seksjonering innan gastrokirurgi, generell kirurgi, urologi og plastikkirurgi, og sørgjer for eit kirurgisk behandlingstilbod til befolkninga i Nordmøre og Romsdal, som utgjer om lag 110 000 innbyggjarar. Vi har òg traumefunksjon for same region. Ved seksjonen har vi blautkirurgiske senger fordelt på to sengepostar, i tillegg til pasienthotell. Dei øvrige sengene ved dei to sengepostane er til andre kirurgiske fagfelt som ortopedi, ØNH, auge og gynekologi.

Vi er 5–6 overlegar og 8 LIS ved seksjonen. Det er felles kirurgisk vaktordning der LIS går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet blir dekt av LIS1. Overlegane dekkjer bakvakt med heimevaktordning.
Vi er i ein spennande utviklingsfase, der ny teknologi og nye arbeidsformer er i ferd med å bli ein naturleg del av kvardagen – inkludert planlagd innføring av robotkirurgi. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønskjer å vere med å forme og vidareutvikle det kirurgiske tilbodet.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i elektiv og akutt kirurgisk virksomheit
  • Bidra til fagleg utvikling innan gastro- og generell kirurgi
  • Delta aktivt i utvikling av nye behandlingsmetoder og pasientforløp
  • Bidra til eit godt samarbeid i det tverrfagliege miljøet
  • Rettleie og bidra til kompetanseutvikling i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i gastroenterologisk kirurgi eller generell kirurgi (eller nær ferdig spesialist)
  • Brei kirurgisk kompetanse og interesse for fagutvikling
  • Erfaring fra norsk helsevesen er ein fordel
  • Gode norskkunnskaper, skriftlig og muntlig

Personlege eigenskapar

  • Er fagleg engasjert og ønsker å utvikle fagområdet vidare
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Er strukturert og beslutningsdyktig
  • Trivst i ein arbeidskvardag med både planlagt og akutt aktivitet

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i eit nytt og moderne sjukehus
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av fremtida sitt kirurgiske tilbod
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Moglegheit for fagleg utvikling, inkludert innan robotkirurgi
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

Kontaktinformasjon

Gunn Eli Kvalsund, Konst. Seksjonsleder, (+47) 477 51 802, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5143295813
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.06.2026