Vernepleiar med fagansvar

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Som fagansvarleg vernepleiar/sjukepleiar i Elvevegen får du ei sentral rolle i å sikre rett kompetanse gjennom målretta fag- og kompetanseutvikling. Du blir ein pådrivar for fagleg kvalitet, utvikling og læring, og bidreg til å styrkje eit allereie engasjert fagmiljø. Næraste leiar er avdelingsleiar, og de vil samarbeide tett om både faglege og organisatoriske oppgåver.

Stillinga er delt mellom 50 % fagansvar og 50 % turnusarbeid med dagvakter og arbeid kvar fjerde helg (kortvakter). Dette gjev deg ei unik moglegheit til å kombinere fagleg utviklingsarbeid med nærleik til praksis og tenestene vi leverer kvar dag.

I Elvevegen bueining møter du eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, samarbeid og gode tenester. Her bur 10 menneske i eigne leilegheiter, med ulike livssituasjonar og samansette hjelpebehov. Kvar dag arbeider vi for å gi trygge og individuelt tilpassa helse- og omsorgstenester. Vi yter også tenester til ein ekstern tenestemottakar i nærområdet, og har ei avlastingsbustad for born og unge med tilknytt dagsenter i bueininga.

Behovet for spesialisert kompetanse innan tenester til menneske med nedsett funksjonsevne er i stadig utvikling. Vi ønsker å møte desse krava med høg fagleg kvalitet og målretta utviklingsarbeid. Difor søker vi deg som brenn for fagutvikling, kompetanseheving og kvalitetsforbetring – og som ønsker å vere med på å vidareutvikle tenesta vår.

Vil du vere med og forme framtidas tenester saman med oss? Vi ser fram til å høyre frå deg.


Arbeidsoppgaver

  • Ha ansvar for fag- og kompetanseutvikling, inkludert kartlegging av kompetansebehov, internundervisning, rettleiing og rådgjeving til tilsette.
  • Sikre god opplæring og oppfølging av nytilsette og studentar, og vere bindeledd mot utdanningsinstitusjonar.
  • Ha fagleg ansvar for tenestemottakarane, inkludert rettleiing av faggrupper og primærkontaktar, samt fagleg støtte til avlasting og dagsenter.
  • Vere pådrivar i kvalitetsarbeid og sikre oppdaterte rutinar, tiltaksplanar og fagprosedyrar, inkludert ansvar knytt til HOL kapittel 9 og innføring av CRPD.
  • Delta i og gjennomføre samarbeidsmøte med interne og eksterne samarbeidspartnarar, og bidra til godt tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra i legemiddelhandtering.
  • Utføre andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar og einingsleiar.

Kvalifikasjonskrav

  • 3- årigutdanning på høgskulenivå. Fortrinnsvis vernepleiar, sjukepleiar vil bli vurdert.
  • Interesse, engasjement og gjerne erfaring med fagutvikling.
  • Erfaring innan forbetringsmetodikk og implementeringer er ønskeleg.
  • Ønskeleg med relevant vidareutdanning.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Erfaring frå arbeid i bustad og avlasting for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg i rolla som vernepleiar og meistrar å engasjere deg sjølv og kollegaer i det faglege arbeidet. 
  • Du arbeider godt sjølvstendig og er god på samarbeid med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, pårørande og avdelingsleiar.
  • Du brenn for faget og har fokus på å utvikle tenesta til det beste for tenestemottakarane.
  • Du har høg arbeidskapasitet og høgt nærvær, er løysningsorientert og fleksibel. Du må takla hektiske arbeidsdagar med uføresette hendingar.
  • Du bidrar positivt i arbeidsmiljøet ved å fremja gode haldningar og etisk refleksjon.
  • Du må like å ha eit stort ansvar for system og struktur. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Vaksdal kommune tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg