Sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Vi på Medisin 1 søkjer etter nye sjukepleiekollegaer. Vi har for tida ledig:

  • 1 x 80% fast stilling dag/aften med arbeid kvar 3.helg, for tida på hjarteseksjonen
  • 1 x 80% fast stilling dag/aften med langvakter kvar 4, for tida på lungeseksjonen
  • 1 x 70% fast  stilling 3-delt med natthelg kvar 4.helg
  • 1 x 70% fast, for tida på natt med arbeid kvar 3.helg

Å jobbe ved medisinsk avdeling – hjarte og lunge – ved Ålesund sjukehus gir deg høve til å utvikle deg fagleg i eit miljø med høg kompetanse og stort engasjement. Avdelinga har 24 senger fordelt på 3 team, og du blir del av eit arbeidsfellesskap som har pasienten i sentrum og eit sterkt fokus på tryggleik og kvalitet.
Her møter du eit variert og spennande sjukdomsbilete, med akutte og kroniske tilstandar. Du får bruke og utvikle din kliniske vurderingsevne, og samarbeide tett med dyktige kollegaer og tverrfaglege team. Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo, faglege utfordringar og gode rutinar – og du får bidra til å gi pasientar trygg og omsorgsfull behandling i ei kritisk fase av livet.

Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team!

Ved interne omrokeringar kan andre stillingar vere aktuelle.


Arbeidsoppgåver

  • Du møter eit variert og utfordrande sjukdomsbilete innan hjarte- og lungemedisin
  • Klinisk observasjon og vurdering av pasientar med akutte og kroniske tilstandar
  • Behandling og oppfølging, inkludert legemiddelhandtering og respirasjonsstøtte
  • Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar og andre faggrupper
  • Nært pasientkontakt og omsorg i sårbare livssituasjonar
  • Dokumentasjon og koordinering av vidare behandling
  • Fagleg utvikling i eit miljø med høg kompetanse og godt kollegafellesskap

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
  • Trygg i akutte situasjonar og med kliniske vurderingar

Personlege eigenskapar

  • Empatisk og omsorgsfull
  • Fagleg nysgjerrig og lærevillig 
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig 
  • Gode samarbeidsevner 
  • Kommuniserer klart og tydeleg 
  • Trygg i akutte situasjonar
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • 14 dagar opplæring med ein erfaren sjukepleiar
  • Faglunsj kvar andre onsdag med aktuelle tema for både hjarte- og lungeteam
  • Hospitering
  • Eigen fagdag for nytilsette sjukepleiarar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 70105642, [email protected]

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5141264761
Stillingsprosent: 80, 70, 75%
Fast
Startdato: 24.08.2026
Søknadsfrist: 26.06.2026