Radiograf til ledige vikariat ved MR-seksjonen Radiologisk avdeling

Arbetsbeskrivning

Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling i stadig endring. Avdelinga har meir enn 350 tilsette, der om lag 160 er radiografar. Avdelinga er inndelt i fleire seksjonar med eiga leiing. Radiologisk avdeling har ein moderne utstyrspark og utfører dei fleste undersøkingar. 

MR seksjonen har 34 tilsette, av desse 4 merkantile og 27 radiografar og ein leiar. Vi er stasjonert i sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus. MR seksjonen driftar 6 MR maskinar kor av 3 maskinar er 3T og 3 maskinar er 1,5T. Maskinleverandør er GE (2 stk) og Siemens (4 stk). MR-seksjonen har i hovudsak inneliggande pasientar og pasientar frå intern poliklinikk. Vi utfører også mykje spennande forsking i samarbeid med andre. Vi har turnus med helg, samt bakvaktsordning på natt.

Ved seksjon for MR er det ledig to 100% vikariat som radiograf. Oppstart så snart som mogeleg. Eit av vikariata er ut 2026, det andre er ut oktober 2026 med moglegheit for forlenging.


Arbeidsoppgåver

  • Radiograffaglege oppgåver
  • Pasientadministrasjon
  • Delta i seksjonen sine interne kontrollrutinar
  • Delta i fagleg utvikling av seksjonen

Du må

  • ha norsk autorisasjon som radiograf
  • kunne meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
  • ha gode IKT-kunnskapar
  • relevant MR erfaring kan bli vektlagt

Vi ser føre oss at du som søkar

  • behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
  • har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • er fagleg interessert, fleksibel og sjølvstendig
  • er strukturert, nøyaktig og påliteleg

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Audun Grimstad Selvåg, Seksjonsleiar, 452 19 195, [email protected]

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5145073319
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.06.2026