ID 2447 Sjukepleiar/vernepleiar ved avdeling Gullskar - Stord sjukeheim

Arbetsbeskrivning

Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar. Denne stillinga er ved avdeling Gullskar. Det kan og verta mogleg å jobbe i sjukepleiarteam som skal etablerast i løpet av 26/27. Gullskar er avdeling med plassar for pasientar med utfordringar knytt til demenssjukdom. Avdelinga har fokus på personsentrert omsorg og miljøterapautiske tiltak i arbeidet. Som sjukepleiar i avdelinga vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar.

Stord sjukeheim er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som sjukepleiar eller vernepleiar vil vera viktig inn i dette arbeidet.

Det er ledig fast 100% stilling for autorisert sjukepleiar eller autorisert vernepleiar i 2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg eller langvakter 13,5 t med arbeid kvar 4. helg

Arbeids- og ansvarsområde:

I denne stillinga vil di ta del i og ha ansvar for:

  • samhandling og tverrfagleg samarbeid

  • målretta miljøarbeid

  • tilrettelegging for kvardagsmeistring

  • tiltak, evaluering og dokumentering

  • å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane

  • å hjelpe menneske i ulike livssituasjonar til å meistra eige liv på best mogleg måte.

  • palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.

  • legemiddelhandtering

  • Arbeidet med og etter vedtak i pasientrettigheitslova §4A

  • fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.

  • å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.

  • delta aktivt inn i eininga sitt sjukepleiar/vernepleiarteam og delta på fagmøter og bidra til kunnskapsdeling i eininga.

  • vere ein del av ei eining med mange spesialsjukepleiarar som vegleiar innan sår, demensomsorg, kreftsjukepleie, geriatri, psykiatri og leiing

Ved tilsetjing vil me vektlegga:

  • personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.

  • brukarorientert tilnærming

  • evne til å vera nyskapande i arbeidet

  • Kunnskap om geriatri og demensomsorg.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar eller autorisert vernepleiar

  • Det er ei føremun med erfaring innan geriatri og demensomsorg

  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentlig tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Britt Nelly Hystad Barane, einingsleiar mob 92486358, [email protected]