Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Er du god til å sjå ressursane i folk og hjelpe dei vidare i livet? Då kan du vere den vi ser etter! NAV Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar i 50 % fast stilling til avdelinga arbeid og sosial.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter nye utfordringar med eit positivt og løysingsorientert team rundt deg. Du blir ein viktig del av eit fagmiljø som jobbar for å skape moglegheiter for menneske – kvar einaste dag.
Arbeidsoppgåver
- Vere mottaksvert tre dagar i veka (to timar per dag) – du blir den første folk møter når dei kjem til NAV
- Rettleie og motivere brukarar om arbeid
- Kartlegge ressursar og moglegheiter hos brukar
- Samarbeide tett med arbeidsgjevarar og andre for å finne gode løysingar
- Saksbehandling etter Lov om sosiale tenester
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning.
- Gode evner til å kommunisere både munnleg og skriftleg
- Trygg på digitale verktøy og nysgjerrig på ny teknologi
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring med å rettleie menneske i krevjande livssituasjonar
- Kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag
- Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen
Personlege eigenskapar
- Du bryr deg om folk og vil hjelpe
- Du har engasjement og evne til å motivere andre
- Du trivst med å jobbe både sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb i eit godt og støttande arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
- Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet. Lønnsspennet er per no kr. 545 400 - 639 900 i stilling med krav om 3-årig U/H utdanning.
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Stad kommune har seks månader prøvetid
- Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Bodil Førde, Einingsleiar arbeid og velferd (NAV), 90 58 69 13,
[email protected]
Arbeidsstad
Rådhusvegen 8
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5145350392
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026