Er du helsefagarbeidar på jakt etter nye utfordringar? Då ser me etter deg!
Solund kommune er ein øykommune samansett av øyer og holmar ytterst i Sognefjorden. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke og der har vi samla våre helsetenester. I Solund kommune er kvilepuls verdsatt, men av og til kan det jammen vere greitt å få pumpa til å slå litt også i ein variert og kjekk arbeidskvardag.
Vi har ledig fast helgestilling som helsefagarbeidar, i tillegg søkjer vi tilkallingsvikarar. Turnusen vår er i dag tredelt, men me er ikkje framand for å vere nytenkande.
Kunne du tenkje deg å arbeide ein stad med kombinert sjukeheim og heimeteneste med varierte og spanande arbeidsoppgåver? I ein øykommune der det blant anna er like naturleg å bruke båttransport som biltransport når vi skal på heimebesøk.
Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng og alle helse- og omsorgstenestene er samla under eit tak. Me har eigen legevakt som er bemanna 24/7 og saman er me eit godt team både dag og natt.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
Kvalifikasjonar:
Sidan vi er ein liten institusjon er det viktig at du er god på samhandling. Det er ein variert kvardag, difor er det viktig at du er fleksibel og har evne til å tilpasse deg. For å få ein triveleg kvardag saman med bebuarane og kollegaer ser vi for oss at du er raus og inkluderande.
Vi tilbyr
Dette er stillinga for deg som ynskjer å jobbe på ein mindre institusjon i eit lite samfunn. Som helsefagarbeidar i Solund kommune har du tid til å bli godt kjent med brukarane. Det kan vere travle arbeidsdagar her hos oss, men på same tid eit heilt anna tempo enn ein opplever på større stadar. Hos oss skal du få tid til å gjere den gode jobben som helsefagarbeidar.
Om du likar å være aktiv/sosial på fritida finst det mange aktivitetar og frivillige lag for både store og små. Sjølv om me er små finst det noko for dei fleste her hjå oss.
Syns du dette kan høyrast spanande og utfordrande ut, ja då må du søkje stillinga! Slå gjerne på tråden til Ingelin - leiar for sjukeheim og heimetenester, ho gler seg til å høyre frå deg!
Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid 6 månadar.
I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Velkomen som søkjar!
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.