Vil du bli vår nye fagingeniør?

Arbetsbeskrivning

⭐️ Kva med ein jobb der du får både topp moderne teknologi og med storslagen utsikt over sjø og byliv frå sørvestblokka?

Vi ser etter ein engasjert fagingeniør til fast stilling i dagturnus.
Hos oss vil du jobbe på dagtid, men òg delta i dagturnus med laurdags- og heilagdagsvakter. Desse vaktene fordeler vi jamt mellom bioingeniørane i vaktplanen.

Du blir del av eit dyktig og motivert team med godt arbeidsmiljø og tett samarbeid.
Hos oss er vi opptekne av å ha det kjekt saman – både på jobb og utanfor. Vi møtest jamleg til sosiale aktivitetar, og kvart år samlast vi til julebord.

Skal du flytte for å starte hos oss?
Då gjer vi overgangen enklare:

  • Vi dekkjer reise- og flyttekostnader opptil 20 000 kr.
  • Vi betaler husleige dei første seks månadane – opptil 60 000 kr.

Er du nyutdanna? Då oppmodar vi deg til å søkje!

👉 Vi kallar inn aktuelle kandidatar til intervju fortløpande – så ikkje vent med å sende søknaden.

Kva går jobben ut på?

  • Delta i laboratoriets rutinearbeid, inkludert blodprøvetaking 
  • Delta i laboratoriets kvalitets-og forbedringsarbeid 
  • Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr 
  • Utføra arbeid etter gjeldande prosedyrar og retningslinjer, og halda seg oppdatert på endringar 
  • Utføra delegerte arbeidsoppgåver frå fagansvarleg ingeniør 
  • Halda seg fagleg oppdatert, delta og bidra på kurs, internundervisning og møte 
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon.  
  • Kompetanse og erfaring innan medisinsk mikrobiologi er ein fordel
  • Kunnskap og erfaring innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel 
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Det vil bli lagt stor vekt på personlige eigenskapar og vilje til å ta ansvar. 

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • har motivasjon og engasjement for faget, og trivst med å halde høgt tempo når det trengst
  • samarbeider godt med andre, og både tilbyr og tek imot hjelp når det er behov
  • er påliteleg, strukturert og møter opp når du skal
  • ser kva som må gjerast, og tek tak med nysgjerrigheit og vilje til å finne gode løysingar
  • lærer raskt og tilpassar deg nye arbeidsmåtar
  • trivst i eit tverrfagleg miljø og handterer krevjande situasjonar med ro
  • bidreg til eit godt fagleg og sosialt miljø, der vi støttar kvarandre

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • eit laboratorium og fagområde i utvikling, der du får vere med på å forme framtida
  • ein variert og spennande jobb med oppgåver som gir både læring og meistring

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Tiril Knutsen, Funksjonsleiar - Medisinsk mikrobiologi, +47 41441849, [email protected]

Arbeidsstad

Karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5145249277
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2026