Er du interessert i å arbeide som brannkonstabel på deltid i indre Sunnmøre? Da er dette ei stilling du bør sjekke ut og søke på. I Fjord kommune er det ledig stilling som brannkonstabel ved Eidsdal brannstasjon. Ein brannkonstabel jobbar deltid og er sett opp med personsøkjar, og rykkar ut ved alarm. Stillingane utgjer 2,04 % og dekker pålagte øvingar gjennom året. Tid til utrykning kjem i tillegg. Tilsette må bere personleg varslar/nødtelefon for alarm.
Kommunane Fjord og Stranda har inngått eit samarbeid innan brann- og redningsvesen som no tel seks lokale stasjonar og nærare 100 brannkonstablar. Samarbeidet inneber koordinering av innsats innan førebyggande arbeid og beredskap.
Innan beredskap er fokuset å behalde og utvikle kompetanse, avvikle øvingar og ferdigheitstrening samt teste brannkonstablane innan fysisk og mental kapasitet.
Alle som har lyst til å prøve seg som brannkonstabel oppfordrast til søkje (søkjar må ha fylt 18 år). For å bli ein del av brannkorpset må du ved tilsetting bestå fysisk- og medisinsk test. Det vert gjennomført deltidsopplæring med dei krav som ligg føre.
Ta kontakt med brannmeister eller leiar brann for ytterligare informasjon.
Brannkorpset har behov for fleire kvinner og oppfordrar dei som er interessert til å ta kontakt.
Aktuelle søkjarar vil bli kontakta fortløpande sjølv om søknadsfristen ikkje er ute.