Vil du jobbe som bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?
Som bioingeniør ved Laboratoriet i Odda er du tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.
Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år - søk her!
Odda byr på trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på: hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser.
Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld.
👉 Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.
Hos oss er det viktig at du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.