Om stillinga
Vi søkjer engasjert og fagleg interessert barne- og ungdomsarbeidar til arbeid i skule og sfo.
Om oss.
Alversund skule ligg roleg og vakkert til, med utsikt mot Alverstraumen. Vi har 310 elevar, og 120-140 born på SFO. Skulen har rundt 45 tilsette, som arbeider for at alle born skal trivast og utvikle seg.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie born i skuletida
- Hjelpe elevar med helseutfordringar eller andre særskilte behov
- Være i lag med born i deira kvardag
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar med born
- Bidra til språkleg utvikling gjennom samtale, leik, bøker og song.
Kvalifikasjonskrav
- Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Ved manglande fagbrev, vil det være krav om røynsle frå arbeid med born som har funksjonsnedsettingar
- Du må ha gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg.
- Dokumentasjonskrav på minimum B1-nivå.
- Du er god til å kommunisere med barn og vaksne.
Kven er du?
- Du likar barn og ønskjer å gi dei ein meningsfull kvardag.
- Du ser kva som må gjerast og tar initiativ.
- Du er tålmodig og omsorgsfull.
- Du trivst ute i all slags vær.
- Du er fleksibel og tåler endringar
- Personlig egnaheit vil bli vektlagt.
Me tilbyr
Døme:
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med Opplæringslova §17-11, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede