Vi har ledig helgestilling i Heimetenester Rosendal.
Stillinga er på 14,1 % med oppstart frå 01.09.26 eller etter avtale.
Vil du jobba i ei eining der fagleg utvikling, kvalitet og godt samarbeid står i sentrum? Heimetenester er ei framtidsretta eining med sterkt fokus på fag, kompetanseheving og gode pasientforløp. Vi har ein gjennomarbeidd årsplan som gir føreseieleg turnus og gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid.
Tenestene våre omfattar både ordinær heimeteneste, bufellesskap og dagsenterdrift. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med brei klinisk erfaring og høve til å utvikla kompetansen din innan fleire fagområde.
Stillingen er i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Hos oss får du:
Eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling
Variert og meiningsfull arbeidskvardag
Føreseieleg turnus og god arbeidsplanlegging
Moglegheit for langvakter for deg som ønskjer det
Velkomen til ei eining der du blir sett, høyrd og fagleg utfordra!
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Vi tilbyr
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Det er elektronisk søknad:
Eksisterande brukar
Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar påloggingsinformasjonen din, trykker du på Gløymd passord under Logg inn med passord.
Ny brukar
Om du ikkje er registrert i EasyCruit tidlegare, opprettar du brukar ved å velja Ny brukar.