Me ønskjer deg som set borna i fokus.
Om oss:
Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar - frå mindre barnehagar, oppvekstsenter og til større einingar med over 80 plassar - alle med sine eigne kvalitetar. Me jobbar saman mot målet:
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.
Er du klar? Me treng deg!
Vinjar barnehage avd. Nesflaten
Einingsleiar Ingvild Vold Tveiten mobil 90760429:
Kven ser me etter?
Kraftlaget – kva får du hos oss?
Arbeidsmiljø
Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Fleksibilitet og kvardagsliv
Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
Utviklingsmoglegheiter
Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Bu i Suldal
Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
Andre opplysningar:
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.