Hei!
Eg er ei 18 år gamal jente som bur heime saman med mor og far. På grunn av alvorlig ME treng eg hjelp til praktiske oppgåver i kvardagen, slik at både eg og familien min får ein meir føreseieleg og oversiktleg kvardag.
No ser eg etter ei eller fleire trygge, omsorgsfulle og pålitelege kvinner som kan vere personlege assistentar for meg. Arbeidet handlar i hovudsak om å hjelpe til med praktiske oppgåver i heimen og bidra til at kvardagen fungerer best mogleg.
Stilling og arbeidstid
Eg behøver person(ar) som kan vere assistenten min. Arbeidstida vil vere mellom kl. 09.30 og 23.30 på dagtid, ettermiddag, kveld og enkelte helger.
Eg søkjer både faste assistentar og tilkallingsvikarar. Stillingstorleik og turnus kan tilpassast den rette kandidaten.
Oppgi gjerne i søknaden kva arbeidstid og stillingsstorleik som kan passe for deg.
Eg håpar eg har vekka di interesse og at akkurat du sender inn din søknad. Eg ser fram til å bli bedre kjent med deg!
Krav
Ønskjer
Eg ser etter deg som:
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Politiattest må leggjast fram før tiltreding.
På grunn av arbeidsoppgåvene, som omfattar bistand ved personleg hygiene og andre private situasjonar, søkjer vi kvinner til stillinga. Kravet er grunngjeve i omsynet til brukaren sin personlege integritet.
Som tilsett i Samnanger kommune vert du meldt inn i KLP si pensjonsordning, som omfattar alderspensjon, AFP, uførepensjon og forsikringsordningar.
Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på 6 månader.
Søknad må sendast elektronisk via JobbNorge.