ID 2459 Fagarbeidarar/assistentar - Leirvik og Rommetveit skule

Arbetsbeskrivning

Er du ein trygg vaksen som likar leik, aktivitet og gode relasjonar?

Då treng me deg på SFO ved Leirvik og Rommetveit skule

Etter innføring av gratis kjernetid i SFO opplever me ein stor auke i elevtal, og har difor behov for å rekruttera fagarbeidar / assistent til SFO -- i første omgang ved Leirvik skule og Rommetveit skule, men det kan òg bli aktuelt med behov ved andre skular i kommunen.

Me har trong for tilsetjing på kort varsel, samt tilsetjing frå skulestart i august 2026.

Om stillingane

  • Stillingane kan vera faste eller vikariat

  • Stillingsstorleik: Minimum 40%, evt. meir ved kombinasjon med arbeid i skule.

  • Det kan vera aktuelt med kombinasjon med arbeid i skule

  • Arbeidstid:

    • Primært frå etter skuletid og fram til 16:15.

    • Det kan også vera aktuelt med arbeid på morgon-SFO frå 6:45 til skulestart.

  • Det må påreknast at det kan bli aktuelt med arbeid heile dagar i skulefrie periodar.

Om SFO-tilbodet

SFO er ein viktig del av kvardagen til barna. Her skal dei oppleva:

  • tryggleik og gode relasjonar

  • leik, aktivitet og meistring

  • ein god overgang mellom skuledag og fritid

Som tilsett i SFO er du ein viktig del av laget rundt barnet, og bidreg til eit heilskapleg og inkluderande tilbod i tett samarbeid med skule og føresette.

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som:

  • likar å vera saman med barn og trivst i ein aktiv kvardag

  • er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen

  • forstår kor viktig SFO er for trivsel, inkludering og utvikling

  • bidreg positivt til fellesskap og samarbeid

  • kan jobba sjølvstendig, men også godt i lag med andre

Personlege eigenskapar me legg vekt på

  • du er leiken, engasjert og til stades

  • du har gode samarbeidsevner

  • du er fleksibel og løysingsorientert

  • du bidreg til eit trygt og godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav

  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med barn, anten frå SFO, barnehage, skule, fritidsaktivitetar eller anna relevant arbeid.

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ein fordel, men ikkje eit krav.

  • Tilsetjing føreset godkjend politiattest i tråd med opplæringslova.

Me tilbyr

  • ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barna kvar dag

  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • varierte arbeidsdagar prega av leik, aktivitet og fellesskap

  • løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

  • offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.