Nattevakt - Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbetsbeskrivning

Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Klinikken satsar òg på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. 

RAK Korttidspost Martens er ei korttidsavdeling med 10 sengeplassar for kvinner og menn. Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av tenester til pasientar som treng avklaring og avrusing i ein subakutt fase. Innlegging skjer på frivillig grunnlag. Tilbodet omfattar abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, tidleg stabilisering, miljøterapi, treningsterapi og psykologfagleg oppfølging. Vi tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, både i eige treningsrom og i nærområdet. Det blir lagt stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmeistring for å sikra eit heilskapleg behandlingstilbod.

Pasientane blir møtte av ei tverrfagleg personalgruppe med brei kompetanse. Hos oss møter du mellom anna erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar og psykolog, som saman bidrar til eit heilskapleg tilbod. 

Vi tilbyr eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med høg kompetanse innan rus- og avhengigheitsfeltet. Hos oss møter du engasjerte kollegaer, godt samarbeid på tvers av faggrupper og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Vi har no følgande stilling ledig:

*  70% fast stilling som nattevakt med arbeid kvar 4. helg. Langvakter fredag-søndag
*  70% eitt års vikariat som nattevakt med arbeid kvar 4. helg. Langvakter fredag-søndag
*  23,5% fast helgestilling som nattevakt med arbeid kvar 4. helg. Langvakter fredag-søndag

NB! I søknadstekst ber vi om at det blir oppført ønska stilling(ar) ein søker på.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar og vernepleiar arbeider i tverrfagleg team og følger pasientane tett under innlegging
  • Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver
  • Nattarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring med arbeid innan rus og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk er ein fordel
  • Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
  • Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Ha engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
  • Vere fleksibel og ha vilje til eit godt samarbeid på alle nivå 
  • Ha evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og i team
  • Robust og god på avgjerder
  • Pedagogiske evner er ein føresetnad

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Vi arbeidar tett saman i eit tverrfagleg miljø med høg effektivitet og kvalitet, god takhøgde og med humor som sit laust 
  • Årsturnus/kalenderplan
  • Langvakter kvar 4.helg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trudi Ulevik Davanger, Seksjonsleiar, 47999686, [email protected]

Arbeidsstad

Hatleveien 7D
5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5146518143
Stillingsprosent: 70, 23,5%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 30.06.2026