Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Klinikken satsar òg på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.
RAK Korttidspost Martens er ei korttidsavdeling med 10 sengeplassar for kvinner og menn. Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av tenester til pasientar som treng avklaring og avrusing i ein subakutt fase. Innlegging skjer på frivillig grunnlag. Tilbodet omfattar abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, tidleg stabilisering, miljøterapi, treningsterapi og psykologfagleg oppfølging. Me tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, både i eige treningsrom og i nærområdet. Det blir lagt stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmeistring for å sikra eit heilskapleg behandlingstilbod.
Pasientane blir møtte av ei tverrfagleg personalgruppe med brei kompetanse. Hos oss møter du mellom anna erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar og psykolog, som saman bidreg til eit heilskapleg tilbod.
Vi tilbyr eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med høg kompetanse innan rus- og avhengigheitsfeltet. Hos oss møter du engasjerte kollegaer, godt samarbeid på tvers av faggrupper og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi har no ledige helgestillingar med arbeid kvar 5. helg. Aftenvakt fredagar og langvakter laurdag-søndag.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar arbeider i tverrfagleg team og følgjer pasientane tett under innlegging
- Arbeid i helg vil naturleg vere mest fokus på å vidareføre planlagde aktivitetar og gjeremål saman med pasienten
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av alt frå tillaging og utdeling av medisinar, støttesamtalar, pårørandearbeid, ulike kartleggingar og ulike aktivitetar med pasientane
- Samarbeide med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Erfaring frå sjukepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
- Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
- Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og samhandlar godt med andre
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Regelmessig internundervising
- Årsturnus/kalenderplan
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trudi Ulevik Davanger, Seksjonsleiar, 47999686,
[email protected]
Arbeidsstad
Hatleveien 7D
5038 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5146532030
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026