Me treng fleire i flokken i produksjonene vår i høgsesongen, og ser etter deg som har interesse for mat og likar å ta i eit tak.
Me ser etter deg som er strukturert, engasjert og trivst med att arbeidsdagen vekslar mellom ulike oppgåver. Arbeidet er for deg som har interresse for mat, er løysingsorientert og kan takle hektiske periodar. Me vil ha deg med på laget dersom du kan jobba sjølvstendig, men og saman med kollegaer i produksjonen der ein er avhengig av godt samarbeid og interesse for faget.
Eit pluss om du også kan vera fleksibel og jobbe kveldstid i kvardag/helg med kjøkkentjeneste og/eller servering eller helg med pakking av varer.
Produksjon og pakking av varer i næringsmiddelproduksjon.
Betjening av gardsbutikk.
Me vil tilby ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, med eit mål om å produsere og levere trygg og god mat. Løn etter avtale.
Mulighet for fast ansettelse videre.
Oppstart etter avtale. Høgsesongen hjå oss går frå midten av august til og med desember.