Helgestilling ved Hauge bustad

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov. 

Hauge bustad har no ein ledig helgestilling på 23,77% storleik som helsefagarbeidar med arbeid kvar 4. helg. Kortvakt fredag, langvakter på 14 t. laurdag og søndag. 

Vi som arbeider ved Hauge bustad ønskjer oss ein ny kollega som både kan, vil og ønskjer å bidra med fagleg engasjement og omsorg. Det er viktig at du er ein trygg og roleg person som kan gje god omsorg til andre menneske, og er god på relasjonsbygging og kommunikasjon. 

Stillinga er ledig frå 1.september 2025. 

Om du tenkjer at dette kunne vere noko for deg, ønskjer vi veldig gjerne å høyre frå deg.

Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til omsorg, pleie og målretta miljøarbeid. 
  • Følgje opp tiltak og prosedyrer. 
  • Oppdatere og vedlikehalde ulike prosedyrar. 
  • Medikamenthandtering. 
  • Journalføring - avvikshandtering. 
  • Førefallande arbeid.

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver. 
  • God opplæring. 
  • Inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. 
  • Høg fagleg kunnskap hjå dine kollegaer. 
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune. 
  • Du vil i aller høgste grad få ein arbeidskvardag som gjer meining.

    Ved Hauge bustad gjer du viktig og meiningsfylt arbeid!


Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev innan helsefag/barne -og ungdomsarbeidar. 
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming. 
  • Må kunne arbeide sjølvstendig. 
  • Kjennskap til kap 9 tvang og makt er ønskjeleg. 
  • Sertifikat klasse B. 
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt. 

    Om du får tilbod om stillinga må du legge fram godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 md.


Kven er du?

  • Du har ei grunnleggjande respekt for menneske og eit engasjement for brukargruppa. 
  • Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø. 
  • Du er trygg på deg sjølv og kan handtera uforutsette situasjonar med ro og tryggleik. 
  • Du har ei løysingsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet. 
  • Du har ei høg etisk medvetande og evne til kritisk refleksjon. 
  • Du er lojal mot felles beslutningar. 
  • Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar. 
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar. 

    Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen.


Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!