Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette medarbeidaren for oss! Som sjukepleier hos skal du vere med å bidra til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga/avdelinga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn.
Fusa bu og behandlingssenter (FBBS) søkjer etter to engasjerte og fagleg dyktige sjukepleiarar i 100 % stillingar. Stillinga er i turnus etter gjeldande turnusavtale. Det er mogleg å gå i redusert stilling om ønskeleg.
Stillingane er lagt til ressursbemanningsteamet, i første omgang som vikariat for sjukepleiar som er i foreldrepermisjon. Du vil få høve til å jobbe på fleire avdelingar i tverrfagleg team, noko som gir deg varierte arbeidsoppgåver og utfordringar. Vi ser etter deg som ønskjer å vere med å vidareutvikle sjukepleien i eldreomsorga, og som vil bidra aktivt i møte med framtidige utfordringar. Hos oss arbeider vi målretta med nye former for oppgåvedeling.
Arbeidsstad
Fusa Bu- og behandlingssenter (FBBS) - Heimetenester Fusa avd. 1 Eikelandsosen.
FBBS er ein heildøgns institusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune med flott sansehage og utsikt over fjorden.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.