Om stillinga
Er du helsesjukepleiar og ønskjer å jobbe i ein liten kommune med stort engasjement for førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid?
I Samnanger kommune søkjer vi no etter ein trygg, engasjert og relasjonell helsesjukepleiar som ønskjer å bidra i arbeidet med å fremje god helse, meistring og livskvalitet for barn, unge og familiar.
For rett kandidat kan det vere aktuelt å få ein funksjon som fagansvarleg helsesjukepleiar. Funksjonen vil omfatte oppgåver knytt til fagutvikling, kvalitetsarbeid og interkontroll, og vert vurdert nærare ut fra kompetanse, erfaring og kommunen sine behov.
Stillinga er organisert under førebyggjande tenester i Eining for livsmeistring, og inngår i det tverrfaglege arbeidet i Samnangerhjelpa. I dag er det to 100 % stillingar knytta til helsestasjon - og skulehelseteneste.
I Samnanger kommune jobbar me aktivt med tidleg innsats, BTI (Betre tverrfagleg innsats) og lågterskeltilbod for barn, unge og familiar. Me er opptekne av å byggje laget til barnet og samarbeidar tett på tvers av tenester og fagmiljø.
Hjå oss får du arbeide i eit lite og nært fagmiljø med korte avstandar mellom tenestene, høg grad av samarbeid, sjølvstende og moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene. Du vil bli ein del av eit engasjert tverrfagleg miljø som arbeider for å skape gode oppvekstvilkår og fremje psykisk og fysisk helse blant barn og unge.
Arbeidsoppgåver
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og familiar
- Oppfølging ved helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom
- Råd, rettleiing og samtalar med barn, ungdom og føresette
- Planlegging og gjennomføring av kurs, grupper og andre førebyggjande tiltak
- Tverrfagleg samarbeid med barnehage, skule, fastlege, psykisk helse- og rustenesta, barnevern og andre samarbeidspartnarar
- Deltaking i utviklingsarbeid og førebyggjande tiltak i kommunen
- Bidra i BTI-arbeid (Betre tverrfagleg innsats), arbeid som barnekoordinator og andre tverrfaglege møte
- Bidra inn i Samnangerhjelpa, kommunen sitt tverrfaglege lågterskeltilbod for barn, unge, familiar og vaksne
- For rett kandidat kan det vere aktuelt med fagansvar knytt til fagutvikling, kvalitetssikring og internkontroll innan helsestasjon- og skulehelsetenesta
- Andre oppgåver innan førebyggjande tenester kan bli lagde til stillinga
Kvalifikasjonar
Krav:
- Offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan sjukepleiarar med relevant erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar verte vurderte.
- Oppdatert fagkunnskap innan helsefremjande og førebyggjande arbeid
- Gode digitale ferdigheiter
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing
- Det er krav om gyldig førarkort klasse B, då stillinga inneber reiseverksemd i kommunen og samhandling med andre tenester
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar på minimum nivå B2
Ønskjeleg:
- Erfaring frå helsestasjon og/eller skulehelseteneste
- Erfaring og kompetanse innan arbeid med sped- og småbarn (0–5 år)
- Erfaring med rettleiing av barn, ungdom og føresette
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- Kompetanse innan kurs- og gruppebasert arbeid
- Gode kommunikasjonsevner i engelsk
- Erfaring med fagutvikling, rettleiing kvalitetsarbeid eller internkontroll
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har gode relasjonelle ferdigheiter og trivst i møte med barn, ungdom og familiar
- arbeider sjølvstendig og strukturert, samtidig som du samarbeider godt med andre
- er fleksibel, løysingsorientert og bidreg til å finne gode løysingar saman med brukarar og kollegaer
- har engasjement for helsefremjande og førebyggjande arbeid, samt tidleg innsats
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø, både på helsestasjonen og i kommunen elles
- trivst med utviklingsarbeid og tverrfagleg samarbeid
- har god evne til organisering, prioritering og sjølvstendig arbeid
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Eit sterkt fagleg miljø med meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, og høve til å vere med og forme tenestene i ein kommune i positiv utvikling
- Høg grad av tverrfagleg samarbeid og korte avstandar mellom tenestene
- Moglegheit til å arbeide tett på innbyggjarane og vere ein sentral del av eit samla førebyggjande fagmiljø
- Moglegheit til å påverke og vidareutvikle helsestasjon-, skulehelse- og førebyggjande tenester
- Fagleg utvikling, rettleiing og kollegastøtte
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Løn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn.
Dersom du har utdanning frå utlandet, må denne vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde, jf. offentleglova § 25 andre ledd, sjølv om det er bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom du ber om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord, og få høve til å trekkje søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vert du medlem i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank- og forsikringstenester, og er Noregs største pensjonsselskap. Ordninga omfattar mellom anna alderspensjon, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskadeforsikring og gruppelivsforsikring.
Søknad må sendast innan søknadsfristen gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge.