Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 studieplassar fordelt på utdanningsprogramma: studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknologi- og industrifag (TIF) og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde kurs for maritim sektor.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging, rettleiing og støtte for elevar i og utanfor undervisning i samarbeid med lærarar og avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan restaurant og matfag og/eller helse/barne- og ungdom eller anna relevant utdanning
- Du trivst med, og har erfaring frå arbeid med barn/unge med spesielle behov
Personlege eigenskapar
Vi er på utkikk etter deg som er raus og omsorgsfull og som har evne til å skape gode relasjonar til elevane. Du som er tålmodig, men som også kan vere bestemt og strukturert. Du som er fleksibel og likar å jobbe i ein til tider hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr
Vi tilbyr interessante og utfordrande arbeidsoppgåver. Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege og utviklingsorienterte kollegaer. Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland Fylkeskommune sin lønspolitikk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest.
Kontaktinformasjon
Helen Hjertaas, avdelingsleiar, 41530832,
[email protected]
Arbeidsstad
Nordfjordvegen 9109
6718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5146601825
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026