Faste stillingar som sjukevikarar

Arbetsbeskrivning

Om stillinga 

Gulen kommune, for tida ved sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, har ledig to faste stillingar som sjukevikar i pleie- og omsorgstenesta. Vi søkjer etter stabile og fleksible medarbeidarar som trivst med varierte arbeidsoppgåver og kan bidra på tvers i eininga ved behov. Det er ønskjeleg med erfaring frå pleie- og omsorgsarbeid. Stillingane inneber arbeid inntil kvar 2. helg. 

  • 80% fast stilling som sjukevikar, frå 01.09.26 
  • 80% fast stilling som sjukevikar, frå 01.09.26

I Gulen kommune er det løn over tariff for helsefagarbeidarar som går i turnus, samt ekstra helgekompensasjon for gått vakt.  

Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik.


Arbeidsoppgåver 

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og omfatte pleie- og omsorgsoppgåver tilpassa brukarane sine behov. Den som vert tilsett må kunne medverke til god omsorg og praktisk bistand i eininga. Stillinga inneber også samarbeid med kollegaer på tvers av avdelingar og fleksibel bruk av ressursar ved behov.

Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere:

  • Direkte oppfølging av brukarar/bebuarar
  • Hjelp til personleg stell, måltid og elles daglege gjeremål
  • Praktiske oppgåver i avdelinga
  • Dokumentasjon og rapportering etter gjeldande rutinar
  • Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre faggrupper
  • Bidra til eit trygt, fagleg og godt arbeidsmiljø
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Vi ynskjer søkjarar med fagbrev som helsefagarbeidar med relevant erfaring frå pleie- og omsorgstenesta. Andre søkjarar med interesse for fagfeltet og personleg eignaheit kan også verte vurderte
  • Må vere fleksibel i eininga og utøve alle typer oppgåver jamfør kvalifikasjonar
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest 
  • Nagativ MRSA/TBC før oppstart i stilling
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Du er trygg, roleg og omsorgsfull i møte med brukarar og pårørande
  • Du er fleksibel og kan tilpasse deg ulike arbeidsoppgåver i eininga
  • Du tek ansvar og kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Du har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Du er løysingsorientert og kan handtere ein variert og tidvis travel arbeidskvardag
  • Du er påliteleg og stabil
  • Du har interesse for arbeid innan pleie og omsorg
  • Personleg eignaheit vil verte tillagt stor vekt

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.