Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til fleire faste helgestillingar i 15 - 24 % på avdelingane Elvebøen, Barneavlasting og Myroldhaug psykisk helse og rus.
Hos oss får du høve til å gjere ein forskjell der det verkeleg betyr noko – enten du allereie er fagutdanna eller brenn for å arbeide med menneske.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Kvalifikasjonar
Vi ser særleg etter deg som:
- Har helsefagleg utdanning
- Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag
- Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren
- Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Du må vere over 18 år
Personlege eigenskapar
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Camilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 45877417,
Synnøve Marie Nyberg, Avdelingsleiar Myroldhaug PHR, 99303014,
[email protected]
Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801,
[email protected]
Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146,
[email protected]
Arbeidsstad
Myroldhaugvegen 43
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5143339548
Stillingsprosent: 24, 15%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026