Er du ein dyktig industrimekanikar og har ei interesse for skipsoppgraderingar?

Arbetsbeskrivning

Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi søker deg som har interesse for skipsbygging og skipsoppgradering, og som gjerne tek på deg ei utfordring. Arbeidsoppgåvene vil variere, og du vil bli ein del av eit dyktig fagmiljø. 

Intervju vil bli gjennomført fortløpande.


Oppgåver du vil jobbe med

Arbeidsoppgåvene kan blant anna innebere:
  • Vedlikehald, reparasjonar og overhaling av maskinkomponentar
  • Service og vedlikehaldsarbeid på propellar, thrusterar, kjølarar, pumper og liknande
  • Montering av til dømes motorar, pumper, og propellar
  • Installasjon av skipsmaskineri

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Det er ønskeleg med relevant fagbrev, som t.d. industrimekanikar, sveisar eller platearbeidar.

Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass?

Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette.  Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs i vår utrustings- og dokkhall. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring frå Ulsteinvik. 

Kontaktinformasjon

Terje Leirvik, Arbeidsleiar, Maskin, 48183037, [email protected]
Vidar Hungnes, Department Manager - Pipe & Machinery, +47 90960746

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 5133182466
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026