Økonomirådgjevar 100% fast stilling

Arbetsbeskrivning

Sykkylven kommune har ledig 100 % fast stilling som økonomirådgjevar for snarleg tiltreding. 

Vil du bidra til god styring, effektiv ressursbruk og utvikling, så kan dette vere stillinga for deg.

Som økonomirådgjevar vil du få varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil samhandle med alle delar av organisasjonen, einingsleiarar og kommuneleiing. Stillinga rapporterar til økonomisjef. Økonomiavdelinga har til saman 4 stillingar.


Arbeidsoppgåver

  • Støtte leiarar med økonomisk analyse, rapportering og rettleiing
  • Innkjøpsrådgjeving og ha systemansvar for innkjøpsløysinga
  • Deltaking i budsjettarbeid, økonomioppfølging og analysere avvik
  • Prosjektarbeid
  • Tilgangsstyring til kommunens ERP-system (Visma)
  • Bidra i øvrige oppgåver innan økonomiavdelinga

Kvalifikasjonar

  • Minimum bachelorgrad eller tilsvarande innan økonomi. Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • Erfaring frå budsjett- og rekneskapsarbeid, og gjerne innkjøpsarbeid er ønskeleg
  • Gode IKT kunnskapar
  • Erfaring frå kommunal sektor vil vere ein fordel
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe målretta, strukturert og utviklingsorientert
  • Evne til å tenkje heilheit og sjå samanhengar på tvers av ansvarsområde
  • Engasjert og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og samfunnsnyttig stilling med moglegheit til å påvirke og vidareutvikle kommunen
  • Ei stilling med høg grad av sjølvstende og moglegheit for fagleg utvikling
  • Eit aktivt arbeidsmiljø med engasjerte arbeidskollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Lønn etter avtale

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

John Henrik Welle, Økonomisjef, +47 93406255, [email protected]

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 62
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5147642714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026