Leiar for frivilligsentralen på Årdalstangen

Arbetsbeskrivning

Vil du vere med å styrkje fellesskap og skape gode møteplassar?

Årdal kommune søkjer ein engasjert og initiativrik medarbeidar til ei fast og variert 100 % stilling som leiar for frivilligsentralen på Årdalstangen.

Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å gjere ein forskjell i lokalsamfunnet. Du vil ha ei sentral rolle i å bygge fellesskap, skape aktivitet og bidra til trivsel for både unge og vaksne.

Du får ein jobb med meining og stor påverknad der ingen dagar er like. Du får forme rolla di sjølv og du blir ein nøkkelperson i lokalsamfunnet.

 

Dette vil du jobbe med:

  • rekruttere, koordinere og følgje opp frivillige og bidra til å styrkje frivillig engasjement i lokalsamfunnet
  • utvikle og legge til rette for aktivitetar og møteplassar
  • samarbeide med lag, foreiningar, næringsliv og kommunen
  • bidra til eit inkluderande og positivt miljø for ungdom
  • synleggjere aktivitetar gjennom bruk av sosiale medium
  • ha eit særskildt fokus på frivilligheit inn mot omsorgstenesta i kommunen
  • søknads- og rapporteringsarbeid
  • økonomi- og budsjettansvar

 

Kven er du?

  • du likar folk – og folk likar deg
  • du tek initiativ og får ting til å skje
  • du er like komfortabel med ungdom som med vaksne og eldre
  • du ser moglegheiter der andre ser «det går ikkje»
  • du er strukturert nok til å få oversikt – og fleksibel nok til å snu deg rundt
  • er ein god relasjons og nettverksbyggjar
  • kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg
  • du har kjennskap til og erfaring frå frivillig sektor

 

Kva treng du?

  • relevant utdanning er fint – men erfaring og engasjement veg og tungt og kan erstatte manglande formell utdanning
  • du må ha god digital kompetanse
  • du må kunne jobbe ettermiddag/kveld
  • førarkort
  • plettfri politiattest er eit krav

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Me tilbyr

  • ei spennande og meiningsfull stilling med stor variasjon i arbeidsoppgåver
  • moglegheit til å forme eigen arbeidskvardag
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter avtale og gode personal og pensjonsordningar
  • tilgang til bedriftshytte på Skeikampen

 

Velkommen som søkjar til Årdal kommune!


Link til søknadsskjema: Søk her