Feios skule og barnehage har ledig 70 % fast stilling som miljørettleiar

Arbetsbeskrivning

Feios skule og barnehage har ledig ei 70 % fast stilling som miljørettleiar i skulen frå skuleåret 2026/2027.

Krav til kompetanse

Høgskuleutdanning.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Me ser etter deg som: 

  • har evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for barna
  • er engasjert og omsorgsfull
  • brenn for å jobbe med barn og vil ta ansvar for barn sin trivsel
  • er fleksible og samarbeidsvillig - du trivst med å samarbeide med både kollega og foreldre
  • er ansvarsbevisst - du tek ansvar for barna sin tryggleik og trivsel

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande regelverk
  • Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato  

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast i søkarportalen. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lasta opp saman med søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.


Link til søknadsskjema: Søk her