Sagatun barnehage er ein fleirkulturell barnehage med fire avdelingar. Mangfald og inkludering er viktig for oss, og vi legg til rette for eit miljø der mangfald vert sett på som ein ressurs.
Barnehagen ligg sentralt i Balestrand, med eit stort uteområde som inkluderer lavvo og gapahuk, og med kort veg til mange spennande turmål. Her kan vi boltre oss i Badelaguna, på Balasletta og ved Kong Bele-statuen, på fotballbana og i klatreparken, i skogsløyper, og sjå på dragehus og andre spennande bygg – alt innan kort rekkevidd. Sentrum med butikkar, hotell og reiselivsmuseum ligg berre nokre få minutt unna.
Me søkjer etter deg som ønskjer å vere med på laget, skape gode og trygge rammer for barna, og som ser gode relasjonar som ei kjelde til utvikling, utforsking og leik.
Det er ledig eit vikariat i 100% som fagarbeidar/assistent i Sagatun barnehage i Sogndal kommune frå 01.10.26 og fram til 10.08.27.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen
Leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet.
Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i:
Me tilbyr:
Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø
I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlendt og nytenkjande.
Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle barna i den langstrakte kommunen vår.
Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: Samskapande – Open – God – Nysgjerrig . Bli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.no
Andre opplysningar:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.