Skogatufto barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i sentrumsnære omgjevnadar. Frå barnehagen er det kort veg til naturområde med skog, vatn og sjø. Psykologisk tryggleik og arbeidsglede blant våre medarbeidarar som rammer for eit rygt og inkluderande barnehagemiljø, er av stor tyding for oss.
Me håpar du finnast, som er god på å hoppe inn i det etablerte og samstundes evner å vere konstruktiv og nytenkjande. Motivasjonen din kjem innanifrå og du finn glede i å ha innhaldsrike og varierte dagar. Å omsetja planar til handling og å ha barna med som aktive aktørar i sin eigen barnehagekvardag, er evner du har. Ved å spele på lag med dine medarbeidarar bidreg du til, og forventar du, kvalitet og eit konstruktivt miljø til beste for barn, føresette og andre.
Visjonen vår er -Saman om den gode barndomen.
Me har ledig følgjande stillingar:
Me har ledig 100% vikariat som barnehagelærar i perioden 15.08.-31.12.2026
Arbeids- og ansvarsområde:
medansvar for utøving av pedagogiske arbeid og foreldresamarbeid, med godt fagleg skjønn
planlegge, dokumentere, vurdere og utvikle arbeid i høve barnegruppa i samarbeid med pedagogisk leiar og resterande medarbeidarar
fagleg rettleiing av øvrig personal
Kvalifikasjonskrav:
Søkjar må ha fullført utdanning som barnehagelærar
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Aktuelle søkjarar vil verta kalla inn til intervju.
Ved tilsetjing må politiattest føreliggja.
Me kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Fagleg fokus og målretta arbeid med kompetanseheving i og av personalgruppa
Godt arbeidsmiljø
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentleg tenestepensjon
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.