Likar du å jobbe strategisk, samhandle med andre og trivast med endring og utvikling? Då kan dette vere jobben for deg.
Seksjon for tenesteplanlegging søkjer etter ny seksjonsleiar etter førre leiar har gått av med pensjon. Seksjonen har 5,5 årsverk og består både av sivil og politifagleg kompetanse.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Som seksjonsleiar blir du ein del av leiinga ved Stab for HR og HMS og vil få ei sentral rolle i å sikre at Møre og Romsdal politidistrikt leverer på både planlagd og hendingsstyrt polititeneste. Seksjonen har eit særleg ansvar for å bidra til å sikre beredskap, betre polititenester og optimal bruk av ressursar. Du vil få eit breitt ansvarsområde som vil ha påverking på korleis vi organiserer, planlegg og gjennomfører dei operative tenestene våre. Rolla vil vere sentral for å styrkje samarbeid i politidistriktet og i etaten elles.
Vi ser etter deg som er tydeleg og uredd, heilskaps- og utviklingsorientert, resultatorientert og som har stor grad av gjennomføringsevne. Som leiar er det viktig at du også har etisk integritet og er relasjonsorientert.
Er du klar for å ta på deg denne viktige leiarrolla i Møre og Romsdal politidistrikt? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Personleg egnaheit vil bli vektlagd.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.