20 % stilling ved ungdomsklubben

Arbetsbeskrivning

Vil du vere med og skape ein god møteplass for ungdom?
Vi har ledig ei 20 % stilling knytt til ungdomsklubben og UKM.

Åseral ungdomsklubb er organisert under eining for kultur.
Dette er eit fritidstilbod for barn og unge i alderen 13-18 år. Det er klubbkveld kvar onsdag frå 17:00-21:30, og følger skuleruta.
Ungdomsklubben har eigne lokale i kjellaren i Åseral næringshus, "Bankkjellaren".

Stillinga inngår i eit team på tre personar som skal arbeide med planlegging, koordinering og utvikling av ungdomstilbodet, inkludert samarbeid med ungdomsrådet.
Vi ser etter ein engasjert og trygg vaksenperson som ønsker å bidra til eit inkluderande og godt miljø for ungdom


Arbeidsoppgaver

  • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar i ungdomsklubben
  • UKM
  • Samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar
  • Bidra til utvikling av ungdomstilbodet
  • Delta i teamarbeid og koordinering
  • Oppfølging av praktiske og administrative oppgåver knytt til drifta

Arbeidstid
Arbeidstida er hovudsakleg lagt til onsdagar kl. 14:00–21:30, då dette er kvelden ungdomsklubben er open.
Det kan også vere behov for deltaking på enkelte møte og arrangement utanom fast arbeidstid.

Kvalifikasjoner

  • Erfaring frå arbeid med ungdom er ønskjeleg
  • Relevant utdanning eller erfaring innan ungdomsarbeid, helse, sosialt arbeid eller pedagogikk er ein fordel
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlige egenskaper

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi søker deg som:

  • Er strukturert og arbeider planmessig
  • Har evne til å ta ansvar og følgje opp oppgåver
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Er trygg i møte med ungdom
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i team

Politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader må leggjast fram før tilsetjing. Attest utan merknad er ein føresetnad for å kunne tiltre i stillinga.

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og spennande stilling
  • Moglegheit til å påverke og utvikle ungdomstilbodet
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Rettleiing og naudsynt opplæring
  • Vi kan hjelpe til å finne bustad
  • Gratis SFO
  • Barnehageplass

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Tollefsen, Einingsleiar Kultur, 99493765, [email protected]

Arbeidssted

Bordalsbakken 10
4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 5144287955
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026