Hundvin Naturbarnehage treng hjelp til å gjere barnehagen klar til eit nytt barnehageår.
Arbeidet skal gjerast i veke 29–32.
Vi ser etter deg som er sjølvstendig, pliktoppfyllande og nøyaktig. Du må kunne ta ansvar, møte til avtalt tid og gjere ein god jobb -- både på eiga hand og saman med andre.
Dette passar for deg som likar praktisk arbeid, er løysingsorientert og synest det er kjekt å sjå resultat av arbeidet du gjer.
Er du interessert, eller kjenner du nokon som kan vere aktuell?
Ta kontakt med Hundvin Naturbarnehage for meir informasjon.
Oppgåvene kan mellom anna vere:
vasking innvendig og utvendig
måling innvendig og utvendig
montering av nye møblar
køyre vekk avfall
gjere rom og uteområde klare til oppstart
andre oppgåver
Løn etter PBL-tariff