Tussa Installasjon er ein av dei leiande elektroentreprenørane i regionen, med over 75 års erfaring i bransjen. Selskapet tilbyr eit breitt spekter av elektrotekniske tenester for både privatkundar og næringsliv. Med avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn, er vi tett på kundane våre og har eit sterkt lokalt fotfeste.
Tussa Installasjon har om lag 160 medarbeidarar, som til saman utgjer ein sterk fagleg organisasjon. Vi har bygd opp solid kompetanse og lokalkunnskap gjennom fleire tiår, og arbeider målretta for å levere framtidsretta og miljøvennlege løysingar.
Vi tilbyr tenester innan dei fleste elektrofaglege disiplinane – inkludert sterkstraum, svakstraum, automasjon, tele og data. Faget vårt er i stadig utvikling, og vi legg stor vekt på kontinuerleg fagleg oppdatering for å møte krava både i dag og i framtida.
Video: https://vimeo.com/1045278634?share=copy&fl=sv&fe=ciEr du fagleg dyktig, ansvarsbevisst og serviceinnstilt, og ønskjer å jobbe med framtidsretta og miljøvenlege løysingar? Då kan du vere rett person for oss!
Vi tilbyr eit sterkt og inkluderande fagmiljø med varierte oppdrag og moderne teknologi.
Arbeidsplassen vil primært vere på søre Sunnmøre, men oppdrag utanfor området må påreknast. Kontor og oppmøteplass er ved avdelinga vår i Ulsteinvik, i nye og moderne lokale i Saunesmarka.
Arbeidsoppgåver:
Som produktspesialist vil du jobbe med:
Du blir del av eit lag med fleire kompetente medarbeidarar. Nøyaktig ansvarsområde blir tilpassa kompetansen din og dine interessefelt.
Kvalifikasjonskrav:
Du likar å samarbeide med andre, men er og sjølvstendig i arbeidet ditt. Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr: