Vil du bli vår kollega? Spesialisert habilitering SNR søkjer etter psykologspesialist med spesialisering innan nevropsykologi.
Spesialisert habilitering er lokalisert i eit flott, nytt sjukehusbygg på Hjelset, ca 2 mil frå Molde sentrum. Det er gode bussamband for den som vil reise kollektivt. Seksjonen gir eit poliklinisk og ambulant tilbod til innbyggarane i Nordmøre og Romsdal.
Vår målgruppe er vaksne med nedsett funksjonsevne, som følgje av medfødde eller tidleg erverva tilstandar, skader i nervesystem eller bevegelsesapparat. Døme på tilstandar er tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologiske skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, der både individet og konteksten vert vurdert.
Seksjonen vår er tverrfagleg bemanna, der alle tilsette har vidareutdanning/ spesialisering innan ulike område relevant for fagfeltet habilitering. Vi er organisert i avdeling for sjukehuspsykiatri, og er samlokalisert med døgnseksjonane i sjukehuspsykiatrien. I tillegg deler vi spesialist i nevrologi med nevrologisk avdeling, noko som gir eit godt grunnlag for samarbeid. Seksjonane har eit godt fagleg samarbeid og det er lett å ta kontakt på tvers av fagområde, både mot psykisk helse og somatiske avdelingar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.