Er du nysgjerrig, engasjert og klar for nye utfordringar? Vi har ledig helgestilling til deg på vårt nye topp moderne sjukehus på Hjelset, og vi vil gjerne ha deg med på laget.
Vi har 4 ledige helgestillinger. Du kan gjerne kome med ønske om type vakter og stillingsprosent!
Sengepost Medisin 3 har 25 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta, og fagdag for alle tilsette i turnus. Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mogeleg pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt.
Her er det hyggelege og engasjerte kollegaer som vil ta godt imot deg, og arbeidsgleda hos oss er stor! Vi tek vare på og rettleiar kvarandre.
Vi jobbar saman i team, og vi samarbeidar med fleire faggrupper gjennom dagen.
Høyrest dette interessant ut, så legg inn ein søknad, og ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden.
Katrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleder, +47 45761661, [email protected]
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5147757381
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026