Kirurgisk logistikk og kontor SNR har ledig ei 100% stilling som sjukepleiar!
Ved kirurgisk logistikk og kontor SNR på Hjelset søkjer vi etter ein engasjert sjukepleiar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag.
Arbeidet vil bestå av planlegging av operasjonar innanfor ortopedi og kirurgi. Vi samarbeider tett med legar, anestesi- og operasjonspersonell for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. Du er ein engasjert sjukepleiar som liker å jobbe i eit effektivt og fagleg sterkt miljø, er engasjert og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Startdato frå snarast.
Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppsetting av planlagte operasjonar
- Pasientlogistikk og ventelistearbeid innan kirurgi og ortopedi
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
- Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i avdelinga
- Rapporter
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant utdanning
- God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer
- Du må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver
- Evne til å jobbe i eit miljø med høg aktivitet
- Interesse for logistikkflyt
- Gode IT- kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er ansvarsbevisst
- Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø
- Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen
- Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse
- Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet
- Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
- Du medverkar til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Cicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533,
[email protected]
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5146193967
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 31.07.2026