Helsesekretær/sekretær

Arbetsbeskrivning

Kirurgisk logistikk og kontor SNR har ledig to 100% stillingar som helsesekretær/sekretær.

Ved kirurgisk logistikk og kontor SNR på Hjelset søkjer vi engasjerte helsesekretær/sekretær som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag.

Arbeidet vil bestå av blant anna ekspedisjonsarbeid på ortopedisk poliklinikk, kirurgisk poliklinikk. Inntak poliklinikk og oppgåver på dokumentsenter i seksjonen. Vi samarbeidar tett med dei andre kirurgiske faga for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen, der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. 

Vi ser etter deg som trivst i eit aktivt miljø, tek ansvar og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. 

Ta gjerne kontakt for meir informasjon. 

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! 
Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande. Startdato frå snarast! 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 


Arbeidsoppgåver

  • Elektronisk pasientadministrativt arbeid som omfattar tilvising og ventelistearbeid, post- og oppgåvemeldingsarbeid, dokumentbehandling 
  • Pasientretta arbeidsoppgåver i ekspedisjonar, inntak poliklinikk, dokumentsenter og telefon som krev ein god del logistikk. 
  • Tett samarbeid med andre faggrupper som omfattar stor grad av kommunikasjon og utføring av oppgåver på tvers  
  • Ta del i utviklninga og forbedringsarbeidet i seksjonen 
  • Anna praktisk arbeid i logistikkflyt i seksjonen 
  • Anna forefallande arbeid 
     

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær 
  • Gode IT-kunnskapar 
  • Det er ein fordel med kjenneskap til HP. 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar 
  • Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår 
  • Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet 
  • Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper 
  • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga 
  • Du er fleksibel med tanke på variasjon i tildelte arbeidsoppgåver 
  • Å vere personleg eigna vil bli vektlagt        

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Cicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533, [email protected]

Arbeidssted

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5146034918
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2026