Ledig 100 % vikariat (foreldrepermisjon) som spesialpedagog ved Pedagogisk-Psykologisk teneste (PPT) Voss, ledig frå 1.september 2026 – 1.juni 2027
Om arbeidsstaden
PPT er ei avdeling i Barne- og familietenestene i kommunalavdeling Oppvekst. Kommunalavdelinga har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering og vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologtenesta og PPT i Voss herad. PPT Voss dekkjer kommunane Eidfjord og Voss. Tenestestad er Voss. PPT Voss har eit stort og breitt fagmiljø med rådgjevarstillingar, spesialpedagogar, logopedar og merkantile støttefunksjonar. PP- tenesta har kontor i Knutepunktet der me er samlokalisert med fleire andre hjelpetenester. Rådgjeving, rettleiing, førebygging og tidleg innsats står sentralt i tenesteoppgåvene, i tillegg til ivaretaking av rolla som sakkunnig instans. Stillingsinnhaldet kan bli endra som følgje av ny organisering.
Arbeidsoppgåver for spesialpedagog
Kvalifikasjonar
Ynskjeleg med:
Godkjent politiattest vert å leggje fram før tiltreding av stillinga
Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT
Me tilbyr
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her