Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Er du nysgjerrig, engasjert og klar for nye utfordringar?

Vi har ledig stilling til deg på vårt nye topp moderne sjukehus på Hjelset, og vi vil gjerne ha deg med på laget!

Vi har ledig 2 faste 100% stillingar, med oppstart 31.08.26 evt. etter avtale. Du kan gjerne kome med ønske om du ønsker ein anna stillingsprosent som passer for deg.

Sengepost Medisin 3 har 25 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta, og fagdag for alle tilsette i turnus. Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mogeleg pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt.
Her er det hyggelege og engasjerte kollegaer som vil ta godt imot deg, og arbeidsgleda hos oss er stor.  Vi tek vare på og rettleiar kvarandre.
Vi jobbar saman i team, og vi samarbeidar med fleire faggrupper gjennom dagen.

Turnusen er tredelt, med arbeid kvar 3.helg, og du får kome med ønsker om korleis legge vaktfordelinga best til rette for deg. Vi har tibud om langvakter på helg og vekedagar. Med langvakter vil det verte arbeid kvar 4. helg.  Langvakter er frivillig.

Høyrest dette interessant ut, så legg inn ein søknad, og ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar
  • Legemiddelhandtering
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • amhandling med kommunehelsetenesta
  • Delta i forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Offentlig godkjenning som sjukepleiar
  • Relevant videreutdanning og erfaring kan bli vektlagt
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
  • Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
  • Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Katrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleder, +47 45761661, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5147511520
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026