Miljøtenesta i Time kommune består av 6 avdelingar fordelt på Bryne og Kvernaland
Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og omfattar:
Heildøgns omsorgsbustadar og burettslag
Barne- og avlastningsbustad
Aktivitetssenter
Tilrettelagte aktivitetstilbod
Timebaserte tenester til heimebuande
Positiv atferdsstøtte (PAS) er godt forankra i tenestene våre og ligg til grunn som verdi- og rammeverk for arbeidet i alle avdelingar.
Verksemda arbeider aktivt for at brukarane skal oppleva god livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag, med fokus på sjølvbestemming, meistring og fellesskap.
Du vert ein del av eit tverrfagleg miljø og eit leiarteam med fem avdelingsleiarar, og du rapporterer til verksemdsleiar.
Om stillinga
Du får ansvar for Holmebakken bufelleskap og eit nytt bufelleskap som opnar på Kvernaland i desember 2027.
Det nye bufelleskapet er eit kombinert foreldreinitiativ og kommunalt bufellesskap. Du vil få ei sentral rolle i planlegging og etablering av dette tilbodet.
Dette gir deg ei unik moglegheit til å:
Vera med å etablere eit nytt bufellesskap frå start
Legge gode rammer for fag, struktur og kultur
Dagleg leiing av avdelinga med fag-, personal- og økonomiansvar
Sikra ei god og effektiv tenesteproduksjon
Arbeide med kvalitet og fagleg utvikling i tråd med lovverk og interne krav
Vere tett på i HMS-arbeid og oppfølging av sjukefråvær
Sikre oppfølging av mål, krav og politiske vedtak
Bidra til god samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
Leie utviklingsarbeid og endringsprosessar
Planlegga og etablera nytt bufelleskap på Kverneland
I 2026 vil arbeidsoppgåvene i stor grad vere knytte til organisatorisk arbeid, førebuing og tilrettelegging, i lys av at Holmebakken frå 2027 skal slås saman med nytt foreldreinitiativ på Kverneland.
Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
Brei erfaring med målgruppa
Leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing er ønskjeleg
God økonomisk forståing
Erfaring frå turnusarbeid er ein fordel
God IKT-kompetanse
Krav om norskferdigheter, minimum B2
Du må ha førarkort klasse B (manuell gir)
Det er krav om politiattest ved tilsetting.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).