Teknisk byggeleiar / byggeleiar vegprosjekt – Vegbygging VestVil du vere med og utvikle framtidas fylkesvegar i Nordhordland?
Vestland fylkeskommune har ansvar for eit omfattande fylkesvegnett som knyter regionen saman og gir trygg og føreseieleg ferdsel for innbyggjarar og næringsliv.
Infrastruktur og veg (INV) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland. Byggherremiljøet er delt i fire geografiske einingar: Vegbygging Nord, Vegbygging Sør, Vegbygging Bergensområdet og Vegbygging Vest.
Til eininga Vegbygging Vest søkjer vi no etter ein teknisk byggeleiar til prosjekt i Nordhordland. I rolla vil du arbeide med utbygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar og andre samferdselsprosjekt i Nordhordland. Prosjekta varierer frå mindre trafikksikringstiltak til større veg- og anleggsprosjekt.
Arbeidsoppgåver
Som teknisk byggeleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølging og gjennomføring av utbyggingsprosjekt.
Dine viktigaste oppgåver vil vere:
- Utarbeide planar for kvalitetsoppfølging
- Følgje opp kvalitet på anlegga våre
- Ha tett dialog med entreprenør, både munnleg og skriftleg
- Bistå i planleggingsfasen og bidra i utarbeiding av konkurransegrunnlag for nye kontraktar
- Gjennomføre prosjekt sjølvstendig og følgje opp entreprenør i byggefasen
- Følgje opp og rapportere på økonomi, HMS, framdrift og kvalitet i prosjekta
- Sikre god dialog med eksterne samarbeidspartnarar og naboar i prosjekta
Du vil jobbe tett saman med byggeleiarar, kontrollingeniørar og interne prosjektressursar. Me nyttar modellbasert prosjektering i gjennomføringa av dei fleste prosjekta.
Kvalifikasjonar
Krav
- Relevant høgskuleutdanning (eller solid relevant erfaring)
- Erfaring frå anleggs- eller samferdselsprosjekt.
- Førarkort klasse B
Ønskeleg erfaring
- Erfaring med Statens vegvesen sin prosesskode
- Erfaring med ulike entrepriseformer
- Erfaring med prosjektstyring
- God kompetanse i bruk av relevante IKT-verktøy
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Har du erfaring frå entreprenør, rådgjevar eller byggherre oppmodar vi deg til å søkje.
Vi oppmodar også nyare kandidatar med relevant erfaring til å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein teknisk byggeleiar som er engasjert, strukturert og resultatorientert med god gjennomføringskraft. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og trivst med å arbeide både internt i organisasjonen og i dialog med eksterne aktørar.
Du bidreg fagleg og sosialt til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Våre verdiar
– kompetent, open og modig – og visjonen vår,
nyskapande og berekraftig, skal vere ei rettesnor for alt vi gjer.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø. Arbeidsmiljøet vårt er uformelt, og vi er opptekne av å støtte kvarandre og utvikle kompetansen i fellesskap.
Vi tilbyr også gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Andreas Knarvik Kolås, Seksjonsleiar, 92255979,
[email protected]
Arbeidsstad
Galteråsen 7c
5916 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5149891786
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026