Tokke kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar.
Kyrkjeverja har ansvaret for 6 tilsette og forvaltaransvar for 5 kyrkjer og gravplassar i dei to sokna som høyrer til fellesrådsområdet som er likt med grensene for Tokke kommune. Nynorsk er administrasjonsspråket.
Kyrkjeverja vår har fått ny jobb etter 13 år og vi ser difor etter ein positiv og initiativrik person til å overta stillinga som kyrkjeverge. Det er ein fordel med med kjennskap til kyrkjeleg verksemd i denne stillinga.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar i tillegg til engasjement og samarbeidsevne. Du må være medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere eigen bil.
Tokke kommune er i hjertet av Telemark, med fantastisk klima og natur. Ein kommune kjent for levande grender, Bandakkanalen og Dalen hotel. Det er viaregåande skule på Dalen, hyggelige boligpriser, aktiv kulturskule, mange tilbod for dei som er glade i jakt og fiske, idrettstilbod både sumar og vinter.
Fellesrådet har sunn økonomi og eit godt samarbeid med kommunen. Eit samarbeid som det vert viktig å halde vedlike. I tillegg til rammeoverføring drift og investering har fellesrådet ein tenesteytingsavtale med kommunen der kommunen syter for rekneskap, lønskjøyring, kontor, server, sentrabord officepakke, IT-tenester, samt verkstedlokaler for gravplassforvaltninga.
Du må ha gyldig politiattest.
CV og referanser sendes sammen med søknaden, gjerne også attester fra dine forrige arbeidsforhold.
Drift av kyrkjekontoret
Ansvar for drift og forvalting av kyrkjebygg og gravplassar, herunder internkontroll og HMS
Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet med unntak av soknepresten
Økonomistyring, løn og rekneskap
Sakshandsamar for Kyrkjeleg fellesråd
Bindeledd mellom stab og fellesråd
Bindeledd mellom fellesråd og sokneråd
Bindeledd mellom fellesråd og kommunens administrasjon og politiske partier
Samarbeid med prestetenesta
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Gode kontorlokalar i kommunens rådhus
Pensjonsordning gjennom KLP
Tilsetting og løn etter KA sitt avtaleverk