Vi søkjar etter deg som har lyst til å væra med på å utforma framtidas innbyggjartorg og bibliotektilbod. Liker du å væra kreativ og å halda alfabetisk orden på hyller? Veit du forskjellen på Manga og Mankell? Har du lyst til å skapa interesse og engasjement for alt frå klassisk litteratur til dataspel? Likar du å ha ein arbeidskvardag med variasjon og sjølvstende? Då har me kanskje jobben for deg.
Øygarden innbyggartorg og bibliotek treng å erstatte vår kulturarbeidar som går av med pensjon til filialen vår på Rong. Vi er eit desentralisert tilbod, lokalisert på tre stader i kommunen. Du vil vræa ein del av eit lag på 12 tilsette som saman leverer kulturopplevingar og informasjon til kommunen sine innbyggjarar.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. (Dokumentasjonen medbringes på intervju.)
Eigenskapar:
Anna:
Arbeidsstad er hovudsakleg på Rong, men med 1 dag i veka på Straume. Det er derfor særs fordelaktig at du har sertifikat og disponerar bil dersom du ikkje bur i nærleiken.
Stillinga vil inngå i ein fast arbeidsrytme der ein vil arbeida kveldar på Rong på torsdagar og ein laurdag i månaden på Straume.
Avdelingsleiar for innbyggartorg og bibliotek: Yngvild Marie Kaarbø Wiese, [email protected], tlf. 47461611
Kultursjef Marian Guddal Hansen : [email protected]
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.