Tannlege søkes til triveleg praksis

Arbetsbeskrivning

Tannlege søkes -- vikariat, ca. 1 time frå Bergen

Ein av våre tannlegar skal ut i barselspermisjon, og vi søkjer derfor tannlege til vikariat i ein travel og veldreven tannlegepraksis på Manger i Alver kommune.

Dette er ein fin moglegheit for deg som ønskjer å jobbe i ein variert og travel praksis , berre om lag ein times køyretur frå Bergen sentrum . Det er også gode bussforbindelsar til Manger.

Om klinikken

Vi held til i moderne og velutstyrte lokaler med:

  • 4 behandlingsrom

  • OPG

  • Scanner

  • oppdatert og moderne utstyr

Teamet vårt består av to tannlegar, ein tannpleiar og to sekretærar, og vi har eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og kvalitet i behandlinga.

Arbeidsomfang

  • Ønskeleg med 3--5 dagar i veka

  • Oppstart etter sommarferien, eller etter avtale-

Vi tilbyr

  • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale

  • Moderne klinikk

  • Triveleg og stabilt arbeidsmiljø

  • Det kan vere mulighet for forlenga engasjement etter at vikariatet er avslutta.

Vi ser etter deg som

  • Har norsk autorisasjon som tannlege

  • Jobbar sjølvstendig og strukturert

  • Har fokus på god pasientbehandling og kvalitet i arbeidet.

  • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller ein uforpliktande prat.