Konsulent/teknisk tenesteforvalter

Arbetsbeskrivning

Vil du bidra til å styrke dei digitale løysingane for kollektivtrafikken i Vestland? Skyss skal tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. For å sikre stabile, framtidsretta og kundevenlege løysingar søker vi no etter ein konsulent med sterk interesse for teknologi, data og kollektive transportsystem.

Hos Skyss får du arbeide tett på buss, båt og ferje og bidra til tekniske løysingar som kvar dag vert nytta av tusenvis av reisande.


Arbeidsoppgåver

Hos oss vil du ha ei sentral rolle i forvaltning og vidareutvikling av tekniske system knytt til kollektivtrafikken i Vestland. Stillinga inneber tett samarbeid med operatørselskap, leverandørar og interne fagmiljø, og krev både teknisk forståing og god innsikt i kundeorienterte løysingar. Du vil også delta i oppdrag ute i felt, mellom anna knytt til buss, båt, ferje, haldeplassar og terminalar.

I rolla som teknisk tenesteforvalter vil sentrale oppgåver vere:

  • Forvaltning og teknisk oppfølging av Skyss sine system og tenester innan kollektivtransport
  • Oppfølging av bussrelatert teknologi, inkludert IT-system i buss og teknologi i kjøretøy
  • Forvaltning og vidareutvikling av sal- og billettløsyingar
  • Arbeid med datakjelder og tekniske løysingar knytt til IoT og sensordata, signaldata frå buss og infrastruktur, meldingsbaserte løysingar og protokollar (t.d. MQTT)
  • Samarbeid med operatørar og leverandørar om tekniske løysingar
  • Rolle som superbrukar for kunde- og reiseorienterte system
  • Teknisk oppfølging av haldeplassar og terminalar
  • Bruk av IKT-verktøy til dokumentasjon, feilsøking og rapportering

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har

  • fag-/sveinebrev eller 3-årig universitets-/høgskuleutdanning innan relevante fagområde, til dømes IT, automasjon, teknologi eller tilsvarande.
  • førarkort klasse B

 Det er i tillegg ønskeleg at du har

  • god kjennskap til buss og teknologi i buss (gjerne med erfaring frå ITxPT-standardar)
  • erfaring med sal- og billettløysingar
  • kjennskap til automasjon, loT-løysingar og sensorbaserte system
  • erfaring med bruk av IKT-verktøy i teknisk forvaltning

Personlege eigenskapar

Vi treng deg som

  • er serviceinnstilt og har fokus på brukarar og kundar
  • samarbeider godt og kommuniserer tydeleg med både tekniske og ikkje-tekniske miljø
  • arbeider strukturert, sjølvstendig og er løysingsorientert
  • er fagleg nysgjerrig og interessert i teknologi
  • trivst med varierte oppgåver og arbeid både på kontor og ute i felt

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit tverrfagleg og engasjert arbeidsmiljø 
  • Moglegheit for å utvikle seg fagleg
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Frode Endresen, leiar faggruppe drift og forvaltning mobilitetsteknologi, 91107259, [email protected]

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5091807070
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2026