Ådalen barnehage er ein kommunal barnehage på Kverneland med eit sterkt fagmiljø og høg trivsel. Me jobber ut frå visjonen: Alle barn skal ha lyst på livet og evne til å meistre det.
Me legg vekt på trygge relasjonar, leikens verdi og eit inkluderande fellesskap. Med varme og tilstadeverande vaksne og eit flott uteområde i dagleg bruk, skaper me ein aktiv og meiningsfull kvardag for både barn og tilsette.
Hos oss møter du eit engasjert personal som samarbeider tett, som byr på seg sjølv, og som er opptatt av å gjera kvarandre gode i eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Stillinga er i første omgang 40 %, med moglegheit for auka stillingsprosent etter behov.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med omsorg, leik og læring
- Bidra til å skape eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for barna
- Vere ein tydeleg og tilstadeverande vaksen i relasjon med barn og føresette
- Samarbeide tett med kollegaer om utvikling av praksis og fagleg kvalitet
- Delta i møter, refleksjon og kompetanseutvikling
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning
- Erfaring frå arbeid i barnehage eller med barn er ein fordel
- Gode norskferdigheiter, skriftleg og munnleg
- Kjennskap til rammeplanen og arbeid i barnehage er ønskjeleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Det vil bli vektlagt om du er personleg eigna.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Ree, Styrar, 90148166,
[email protected]
Arbeidsstad
Theodor Dahls veg 68
4355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5148122418
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 17.07.2026