Sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Ønsker du å arbeide innan fagområda nyre, infeksjon, gastromedisin og endokrinologi? Medisin 2 søkjer no etter sjukepleiar!

Medisin 2 har 24 sengeplassar, og tek imot pasientar med ulike indremedisinske sjukdomar. Avdelinga tek imot både øyeblikkeleg hjelp og planlagde innleggingar, samt det er fleire spesialfunksjonar tilknytta avdelinga.

Avdelinga legg til rette for helsefremjande turnus med minst mogleg aften/dagvakt belastning. Stillinga inngår i tredelt turnus, men med moglegheit for todelt turnus etter ønske. Det er moglegheit å påverke eigen arbeidsplan og fordeling av vakttypar, der ein også kan velje mellom arbeid kvar 3.helg eller kvar 4. helg.
Arbeid kvar 4. helg inneber 12-timersvakter laurdag og søndag. Vaktene inkluderer 1,5 timars pause, der 1 time kan takast utanfor avdelinga. På fredagar er vakta frå 13:45 til 20:30.
Ved arbeid kvar tredje helg kan ein ha mellomvakter (10:30 – 18:00) laurdag og søndag. Ein arbeider då i team med ein annan sjukepleiar som har langvakter.
Avdelinga har eigne funksjonar som portør, kjøkkenassistent og sekretær. Det arbeider også fleire helsefagarbeidarar ved avdelinga. Kvar fagseksjon har og eigen fagsjukepleiar som arbeider med fagleg utvikling og kompetanseheving i avdelinga.

Vi søkjer deg som har interesse for fagområda og avdelinga. Vi kan tilby:

  • Grundig opplæring. 2 veker med opplæringsvakter i avdeling, inkludert 1 kontordag, samt ekstra opplæringsdagar ved behov.
  • Som nytilsett vil du i starten arbeide primært innan eitt fagområde.
  • For nytilsette tilstreber avdelinga alltid at ein arbeidar på team saman med annan sjukepleiar.
  • Som nytilsett vil du ikkje ha studentansvar før 1 år har gått.
  • Avdelinga legg vekt på fagleg utvikling og eit støttande og hjelpsamt arbeidsmiljø.

Ved intern omrokkering kan andre stillingar og anna stillingsprosent bli ledig, samt at det er høve for ekstravakter.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Det er ønskeleg med referansar. Skriv gjerne kva fagfelt du kan tenkje deg å arbeide med.

Arbeidsoppgåver

  • Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
  • Dekke pasienten sine grunnleggjande behov
  • Førebygging av komplikasjonar og ivaretaking av pasientsikkerheit
  • Gi forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
  • Utøving av god omsorg til pasient og pårørande
  • Bidra til fagutvikling i avdelinga
  • Bidra aktivt i avdelinga sitt forbetringsarbeid
  • Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
  • Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
  • Studentrettleiing (dersom nyutdanna, så har ein ikkje veiledaransvar før ein har jobba eitt år)

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Eignaheit, endringskompetanse og stabilitet vektleggast
  • God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg, evt anna skandinavisk språk
  • Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver

Personlege eigenskapar

  • Positiv og fleksibel
  • Vilje til å sikre eit godt arbeidsmiljø på alle nivå
  • Fagleg engasjert
  • Teamorientert
  • God kommunikasjon og samhandling
  • Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, +47 70105792, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5149334827
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.07.2026