Vil du vere med og skape matglede, gode måltidsopplevingar og sunne matvanar for barn?

Arbetsbeskrivning

Kjøkkenassistent – prosjektstilling 30%

 Me søkjer ein engasjert og matglad kjøkkenassistent i ei prosjektstilling på 30 % (11 timar per veke), fordelt på 2–3 arbeidsdagar. Stillinga passar for deg som er oppteken av sunn og næringsrik mat, og som ønskjer å vere med på å skape gode måltidsopplevingar for barna i barnehagen.

Om stillinga

Som kjøkkenassistent vil du ha ansvar for planlegging og tilrettelegging av måltid i barnehagen. Du vil bidra til å utvikle ein matkultur som fremjar matglede, nysgjerrigheit og gode vanar hos barna. Me ønskjer at måltida skal vere ein arena for læring, fellesskap og gode sanseopplevingar.

Stillinga inneber òg å involvere barna i matlaging og matrelaterte aktivitetar, slik at dei får oppleve meistring, deltaking og glede rundt mat.

Stillingsstorleik: 30 % (11 timar per veke)

Arbeidstid: Fordelt på 2–3 dagar per veke

Oppstart: 18. august 2026

Varigheit: Prosjektstilling som følgjer skuleåret 2026–2027

Arbeidstid i feriar: Stillinga følgjer skuleruta, og det er fri i skuleferiane.

Arbeidsoppgåver

• Planleggje og tilbereie sunn og næringsrik mat til barna, i tråd med Helsedirektoratets retningslinjer for mat og måltider i barnehagen.

• Ha ansvar for mathygiene og rutinar knytte til mattryggleik, også matallegiar og andre særskilte behov

• Innkjøp og bestilling av matvarer

• Skape inspirerande måltid som stimulerer alle sansar

• Involvere barn i matlaging, baking og andre mataktivitetar

• Samarbeide tett med dei andre tilsette om måltid og pedagogiske aktivitetar

Kvalifikasjonar

• Erfaring med matlaging, kjøkkenarbeid eller ernæring er ønskjeleg

• Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel

• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

• Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

• Har interesse for sunn, variert og næringsrik mat

• Er kreativ og glad i å lage mat

• Trivst saman med barn og ønskjer å inkludere dei i mataktivitetar

• Er sjølvstendig, strukturert og ansvarsmedviten

• Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

• Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Me tilbyr

• Ei meiningsfull og spanande prosjektstilling

• Moglegheit til å påverke barnehagen sin matkultur og måltidspraksis

• Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø

• Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende

• Fri i skuleferiane

• Løn etter gjeldande avtaleverk

Søknadsfrist: 15.juli

For nærare informasjon om stillinga, kontakt einingsleiar Ingvild V. Tveiten på tlf.nr. 45610966, e-post [email protected]

Bli med og skap matglede for alle barna!


Link til søknadsskjema: Søk her